13.01.2012


Varmetid

Eg skulle nok ha levd i dinosaurane si tid. Då var det høveleg varmt. Dei ville vore mykje større enn meg, men eg ville vore mykje klokare. Medan dei dundra over markene og plaska gjennom sumpene og åt kvarandre opp ville eg sitje heime og finne opp elden og hjulet og krutet og andre nyttige saker. Dei ville snart finne ut at dei hadde bruk for meg. For livet var aldri greit for ein dinosaur. Kjærleikslivet var t.d. ofte ein samanhengande katastrofe. Før eller seinare kom dei til punktet: No må eg vite om ho elskar meg eller ikkje. Gå og hent han som er så jævla smart!
— Ragnar Hovland
Dinosaurar, frå Sjølvmord i Skilpaddekaféen 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar